Midt-Telemark kommune

Om stillinga
Nome og Midt-Telemark IKT er eit interkommunal samarbeid mellom Midt-Telemark og Nome kommune, med Midt-Telemark kommune som vertskommune.
IKT avdelinga er eit oppgåvefellesskap og rapporterer til styret sitt. Nome og Midt-Telemark IKT held til i eigne lokalar i Bø sentrum og driftar data systema for dei to
kommunane Nome og Midt-Telemark. Avdelinga har eit godt arbeidsmiljø i ein spennande verksemd. Avdelinga er delt i to Team, der me no ser etter deg som kan tenkje deg å jobba med service og support oppgåver i kommune sektoren.
Avdelinga har for tida 12 tilsetja, ein av desse er lærling.
Plattforma er bygd opp rundt VMWare, Microsoft serverar, Cisco og HP Switcher og Checkpoint brannmurar. Fleire av tenestene våre er flytta til sky, men me gjer dette etter grundige ROŠ – analysar. Våre kommunar nyttar Office 365 (Teams/Onedrive/Sharepoint/Exchange).
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
26.08.2024
Arbeidsgivar:
Midt-Telemark kommune
Stad:
Bø i Telemark
Stillingstittel:
Fagarbeider
Stillingar:
1
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
4839939770
Startdato:
01.09.2024
Sosial deling :
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene går i hovudsak ut på å supporterar brukarar med alle type IT spørsmål dei måtta ha.
Dette kan vera:

Feilsøking og installasjon av godkjent programvare

Løyse problem for, og rettleie, brukarar på ein rask, effektiv og serviceorientert måte

Installasjon/tilkopling av nytt IT-utstyr

Koordinere bestilling av IKT-utstyr, administrere reservedelar og utføre vedlikehald.

Administrasjon av brukarar og grupper

Overvaking av kritiske system og infrastruktur

Supporten blir utøvd normalt remote over telefon eller ved saker innmeldt i vårt IT support system. Av og til blir oppgåvene løyste òg ute hos kunde.

Ein viktig del av jobben er å delta i vår felles servicedesk, og følgja opp og løysa saker fortløpande. Bidraget ditt til kunnskapsbygging gjennom dokumentasjon vil vera svært viktig.

Vidareutvikling og forbetring av prosesser, dokumentasjon og rutiner

Vi jobbar ofte med oppgåver knytte til: Ad, AzureAD, Microsoft 365, MFA, Intune, PC generelt, mobil, iPad og møteromsutsyr.

Kvalifikasjonar
Krav til kvalifikasjonar

IT utdanning, minimum fagarbeider

Relevant erfaring kan kompensera for utdanningskravet

Ønska kompetanse

Me ser etter deg som har erfaring og IT forståing av korleis maskinvare og programvare fungerer.

Kunnskap og erfaring med teknologien nemnt under arbeidsoppgåver vil vektleggjast.

Du må meistra norsk og engelsk, skriftleg og munnleg

Last opp vitnemål og attestar under vedlegg til søknaden.
Særskilde krav

Ønskelig med førarkort kl. B

Personlege eigenskapar

Du er nysgjerrig på å finna løysingar på problem, og har god orden og struktur i arbeidet

Gode kommunikasjons- og formidlingsevne

God munnleg og skriftleg førestellingsevne på norsk og engelsk

Serviceinnstilt, fleksibel og løysningsorientert

Evne til å ta initiativ, får ting til å skje og ta ansvar

Du er ein lagspelar som stiller opp for andre og tek i eit ekstra tak

Vi set òg pris på humor og godt humør i kvardagen.

Vi tilbyr

E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune

Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk

Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju.
Adresse: Bøgata 65, 3800 Bø i Telemark, Norge
Kontaktinformasjon
Øyvind Erikstein
Einingsleiar
Om arbeidsgivaren
Midt-Telemark kommune ligg i hjarte av Telemark med Bø som kommune- og regionssenter og handelssenter, og Gvarv som lokalsenter. Kommunen har om lag 10700 innbyggjarar.
Midt-Telemark er ein aktiv kommune med nasjonale turistmål, attraktivt kulturliv, eit innovativt næringsliv og eit variert landbruk, som mellom anna produserer ein fjerdedel av epla i Noreg.
Kommunen er studiestad for Universitetet i Sør-Øst Norge, har vidaregåande skule og folkehøgskule. Kommunesenteret er eit trafikknutepunkt med godt kollektivsamband både aust- og vestover, m.a. med bare 2 timar til Oslo og 2 ½ time til Kristiansand med tog.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.

Midt-Telemark kommune

You must sign in to apply for this position.